Publications | Utstilling Sandnes Kunstforening

Tekst:Helge Torvund
GÅTEFULLT OG ESTETISK
Ein arbeidar i orginalitetens si einmanns bedrift
SANDNES KUNSTFORENING: Frank Åsnes: Skulptur i hus og park

Inne er denne utstillinga dominert av skulpturar skorne i kartong. Bit på bit er skorne ut og limte i saman. Dette er eit presist og tidkrevjande arbeid. Resultatet gir frå seg ei uvanleg blanding av tungt og lett. Rammeformenen som skapar den ytre konturen kan minna om lampeskjelett,lyspære,snurrebass,sjakkbrikker og urner.

Ein vert slegen av denne disiplinen som er retta mot det ”unyttige”. Det er noko fasinerande ved dette som mellom anna Stuart Frost er slik ein fin representant for: Å underkasa seg langsiktige, tålmodige arbeidsprosessar som er gåtefulle og estetiske, og bare det!

Åsnes er ein arbeidar i orginaliteten si einmanns bedrift. Her finns det modellar av noko du aldri før har sett. Arbeidsteikningar med påskrivne utreikningar av vinklar og mål. Opne kvite former ligg og står på golvet, og dei gjev ei heilt spesiell oppleving av volum, i og med at det bare er ei form for skiveskjelett. Det er lys og skugge og vår eigen gestaltoppleving som skapar den ferdige forma.

Men ute finn ein nokre av formene att i massiv betong. Her er det utan tvil den store gruppa med kvite skulpturar som er mest vellykka. I det store rommet klarar dei å oppretthalda Åsnes sitt spesielle leikande univers, og får meg til og lure på kvar det har vorte av kjempebarnet som har gått ifrå leikene.