Made in Holland

Ustilling med Frank Åsnes og  Yvette Lardinois
1-3 til 13-4-2014

Laurdag 01.03.2014 opnar utstillinga Made in Holland. Nederlandske Yvette Lardinois og norske Frank Åsnes stillar ut saman i denne utstillinga.

Yvette Lardinois har utdanninga si frå Kunstakademiet i Den Bosch, og har seinare hatt utstillingar i både inn- og utland. Arbeida hennar er innkjøpte av mellom andre Museum Boijmans Van Beuningen i Rotterdam og Taipei Fine Art Museum. Forutan keramiske objekt arbeidar ho med collage, små skulpturar og abstrakte teikningar med figurative element. Kunstnaren let seg inspirera av eigne erfaringar og minne, og av havet, landskapet og himmelen i heimlandet. Reiser langs den norske vestkysten har òg gitt ho kunstnarisk inspirasjon.

Frank Åsnes er født i Sverige i 1962, men bur og arbeider nå i Sandnes. Åsnes er utdanna ved Kunstakademiet Den Bosch i Nederland og Düsseldorf i Tyskland. Kunstnaren arbeider med skulptur, objekt, skulpturelle installasjonar og teikning, og undersøker korleis form og material forhold seg til det romlege. I Bryne kunstforening vil han utforska korleis gallerirom og arbeid gjensidig påverkar kvarandre.

Utstillinga er eit samarbeid med Rogaland fylkeskunstlag.

Utstillinga vil vera open frå 01.03-13.04

Laurdagar 12-16 og Søndagar 13-17

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>